Gå til innhold Gå til navigasjon

Får Hjelp til Selvhjelpspris for sin kamp mot machokulturen i Peru

Får Hjelp til Selvhjelpspris for sin kamp mot machokulturen i Peru
Med organ isasjonen Paz Y Esperanza i ryggen har kvinnene i landsbyen Se Santa Isabejja de Chumbes, teke opp kampen mot vald mot kvinner og born og endra sitt eige laokalsamfunn. Frå venstre, Rufina Peralta, Nancy Ortega Dhumbes og Regina Aguirre.

Årets Hjelp til Selvhjelpspris går til organisasjonen Paz Y Esperanza frå Peru. Organisasjonen får prisen for sitt arbeid med å fremje menneskerettar og for sin kamp for dei mest utsette og svake i samfunnet i Peru. Prisen er spesielt gjeven til organisasjonen for deira arbeid mot machosamfunnet og kampen for jenter og kvinners rettar.

Prisen blir delt ut på Universitetet i Kristiansand på FN-dagen den 24 oktober.

Organisasjonen arbeider i Andesfjella i Peru. Her er fattigdomen stor  og levekåra ofte vanskelege. Menneskerettane blir ofte utfordra her og kvinner, born og familiar lid på grunn av dårlege skular, høgt alkoholforbruk, vald og seksuelle overgrep. Paz Y Esperanza er ein kristen organisasjon som arbeider for menneskerettar og spesielt med kvinner og borns rettar.

– Eg skjøna ikkje kva dei snakka om då folk snakka om at me kvinner hadde rettar. Det var heilt framand for meg, fortel Rufina Peralta.
– Eg hadde høyrd ordet, men visste ikkje kva det betydde. Dette var ord som mennene definerte for oss. I ettertid forstår eg at dette òg er ord med innhald og meining me ikkje skulle forstå. I vårt machosamfunn var språket med på å halda oss nede, legg Nancy Ortega Chumbes til.

I landsbyen De Santa Isabella de Chumbes, og i foreininga med same namn, har dei teke opp kampen mot kjønnsdiskriminering og machosamfunnet. Kvar fredag er dei saman, i alt 25 kvinner og tek opp ulike tema og drøftar utfordringar i lokalsamfunnet.

Det starta med eit besøk frå organisasjonen Paz y Esperanza i 2014, ein av Strømmestiftelsens samarbeidsorganisasjonar i Peru. På eit allmøte fortalde dei at dei arbeida med å styrke kvinners posisjon i familiar med å motivere til økonomisk aktivitet og ikkje minst til å ta opp kampen mot vald mot kvinner.
- Prosjektet har gjeve oss trua på oss sjølve, at me er noko og at me kan noko. Me tener pengar og kan yta til fellesskapet i familien. Takk! for dette har gjort oss tryggare, og mennene ser at også me kan, seier Rufina Peralta, Nancy Chumbes og Regina Aguirre samstemt.  

Haldne nede i generasjonar
– Før var det slik at mennene våre helt oss nede og gjorde oss avhengige av dei. Gutane gjekk på skule, jentene var heime. Mor mi ville ikkje at eg skulle gå på skulen, men ho sendte sønene sine. Men etter at eg hadde født 10 born har eg fullført barneskulen. No kan eg både lesa og skriva, fortel Rufina Peralta. Ho er ei av over 60 prosent av alle kvinner i Peru som er utsett for fysisk vald.
– Mannen min slo meg systematisk gjennom fleire år. Til sist slutta eg å bry meg om det han sa og det han gjorde, fortel ho.
– Dette er noko me kvinner har levd med i generasjonar. Menn brukar vald og held oss nede. Om ein familie får ei dotter, blir det ikkje reagert, blir det ein gut inviterer faren til stor fest. Det er denne uretten me har teke opp kampen mot, fortel Nancy Ortega.

Kjempar mot valden
– Men mange kvinner er redde for å ta opp overgrep og vald og redde for at mannen skal forlate dei om dei gjer det. Men med Paz Y Esperanza i ryggen viste me at dette var riktig. Men det har vore ein kamp og ikkje utan sterke reaksjonar og trugsmål. Ein gong kom det nokre frå lokale styresmakter og sa at om eg ikkje slutta med dette kunne noko alvorleg skje meg. Dei truga også mannen min, som har støtta meg heile tida, og spurde om han viste kva eg held på med. Men det dei oppnådde med dette var å gjere meg enda meir sikker på at det eg gjorde var viktig og at eg ikkje viller slutte med dette, seier Nancy Ortega Chumbes.

Mindre vald og overgrep
Kathia Alminagorta Rodriguez frå Paz Y Esperanza fortel at målsetjinga var å redusere valden og styrke kvinnene sin stilling i samfunnet. – Det har me klart. Valden og overgrepa er redusert og familiar har fått det tryggare og betre økonomisk. Men det er framleis mykje ugjort, seier ho.

– Stundom har det vore vanskeleg og eg har eg lurt på kva eg heldt på med. Men me har stått saman om dette, og spør du meg så ville eg ville gjort det same igjen. Dette er viktig og dette skal me fortsetje med i andre landsbyar. Fette har gjeve oss sjølvrespekt og trua på at me er noko i samfunnet, seier Nancy Ortega Chumbes.

Den 24. oktober får organisasjonen, ho og denne gruppa i ein fjellandsby i Peru er ein del av, Hjelp til Selvhjelpsprisen. Prisen er på 100 000 norske kroner.