Gå til innhold Gå til navigasjon

Dei utanfor

Dei utanfor
Ei kvinne som har flykta fra krig i sitt hjemland Sør Sudan og har funne trygghet i bosettingen Palorinja nord i Uganda.

Det bør være ein tragedie for oss alle, det som utspelar seg i Syria. I fleire år har bileta av utbomba hus, byar, skadde born og gråtande kvinner og menn skrike mot oss frå TV-skjermen.

Berre på nokre få februardagar i år blei meir enn 500 sivile drepne i bomberegn i byen Gouta. Mens valden fortset og verda står stille og ser på, døyr born, gamle, kvinner og menn, i det mange vil kalle for den aller verste og mest valdelege episoden i den vel seks år lange krigen i Syria. 

I Sør-Sudan utviklar verdas kanskje største og raskast veksande flyktningkrise seg. Her er fire millionar menneske på flukt, 2,5 millionar har flykta internt og nærare 1,5 millionar har rømt ut av landet. Det er som om ein på få år skulle tømme fylka langs kysten, frå Vestfold til Hordaland, for folk – så dramatisk er det som utspelar seg i Sør-Sudan. Og dette skjer utan at Europa, eller dei store supermaktene, syner vilje eller evne til å gjere noko med det. Eg vonar dei alle, alle dei som kunne legge press på og gjere noko med dette, kjenner ei kjensle av skam.

Nyleg kom eg heim frå ei reise til nordområda i Uganda. Der har dei teke imot over ein million  flyktningar frå Sør-Sudan. I busetjinga eg var i er det omkring 184.000 flyktningar. Dei aller fleste er frå området Kajo-Keji i Sør-Sudan. Dei forlet heimar, arbeid og draumar, skule, utdanning og framtidsvoner. Ikkje fordi dei ville, men fordi dei måtte. Vitnemåla om overgrep, drap, vald, valdtekter og nedbrente landsbyar er mange og brutale. Ein rapport utarbeida av FNs menneskerettskommisjon har intervjua folk og samla inn informasjon som fortel om grufulle hendingar. I dokumentasjonen er det prov nok til å stilla meir enn 40 Sør-Sudanske militære senioroffiserar, inkludert tre guvernørar, for retten for krigsbrot og forbrytingar mot menneskeslekta.

I Myanmar, enda lenger aust, er det vanskeleg å skjøne at fredsprisvinnar Aung San Suu Kyi, ei av verdas heltar, tillet at hennar eige folk, nærare ein million rohingyaer, blir kasta ut av landet og endar sendt som flyktningar i Bangladesh. Her lever dei no i leirar, trygge for vald, drap og plyndring frå sine eigne, men borte frå landet dei har budd i gjennom generasjonar. Og kvar einaste veke kjem det tusen nye. FN kallar det som skjer der no for eit ekstremt døme på etnisk reinsking.

Ifølgje FNs høgkommissær for flyktningar, var det i 2016, inkludert statslause, kring 67 millionar flyktningar, mot 35 millionar i 2011. Aldri tidlegare har altså verda sett fleire menneske på flukt.

I Uganda arbeidar Strømmestiftelsen med flyktningane frå Sør-Sudan. Det er eit krevjande, men viktig arbeid. Ressursane er få og utfordringane mange.

Folkeflyttingar har alltid skjedd, og me må vere budde på at framtida vil gjera enda fleire til flyktningar, klima, global oppvarming og ufred vil være nokre av årsakene til det. I fattige land som Uganda, Bangladesh og i nabolanda til Syria har flyktningar møtt opne grenser og dei har teke imot millionar.

Me i den vestlege verda byggjer murar, og byr opp til utanforskap. Det er det vanskeleg å fullt ut forstå.

Egil Mongstad
redaktør