Ei mor med med sine tankar. Kva skal borne mine ete i dag?
Ei mor med med sine tankar. Kva skal borne mine ete i dag?

Kritisk i Niger (18.08.2010)

Er den svært kritiske matvaresituasjonen i Niger i ferd med å utvikle seg til ei av dei ukjente humanitære krisene i verda?

Sidan tidlig på nyåret har internasjonale organisasjonar og FN åtvara mot den vanskelege og etter kvar no også kritiske matvaresituasjonen som har utvikla seg i denne regionen.
Men til tross for tilgjengeleg informasjon og ikkje mangel på åtvaringar – så har det internasjonale samfunnet så langt valt å sjå bort frå krisa som utviklar seg i Sahel beltet . Der er serskilt land som Niger og Chad og til ei viss grad også Mali som er sterkt råka.

Strømmestiftelsen har satt i gang tiltak for å hjelpe 20 000 menneske i områda kring Tera og Dogonduchi, vest i Niger. 300 000 kroner er so langt sendt til våre to partnarar her, men framleis manglar 700 000 kroner som er det me treng for å gje mat til 20 000 personar.

Støtt Niger:
Gi til kontonummer 6319.07.62000.


Se flere bilder fra Niger her

I fylgje internasjonale
hjelpeorganisasjonar står 10 millionar menneske i regionen overfor ei alvorleg humanitær katastrofe.

 
 
Den langvarige tørken i Niger har gjort at nærare halvparten av landets befolkning står overfor ein ein alvorleg sveltkatastrofe om ikke det internasjonale samfunnet snart reagerar på ropa frå organisasjonar som arbeidar i landet.
Særs vanskeleg er det i Niger der mellom sju og åtte millionar menneske er utsett for matvarekrise – langt fleire enn i 2005 då det var ein liknande katastrofe.
I Niger aleine er nærare 400 000 born utsett for alvorleg underernæring og 1,2 millionar er utsett for moderat underernæring. Utan raske tiltak vil dette kunne bli ein av dei verste humanitære katastrofane i regionen på mange år.

Det er sviktande nedbør sist sommar som er ei av årsakene til den no så alvorlege situasjonen for fleire millionar menneske i disse områda. Tørken fører også til at bønder må selje buskapen sin for å pengar til å kjøpe mat for, og den vanskelege matvaresituasjonen har gjort prisane på mat har auka med over 30 posent . Landbruksekspertar har rekna ut at det vil ta meir enn ti år før landbruket vil vera attende på det nivået det var før tørken. Samstundes har fem tørkeperiodar dei siste 30 åra gjort Niger meir og meir sårbart.
Og fylgjene er svært synlege. Folk sel det dei måtte ha av verdisaker for å kjøpe mat – dei må sanke blader og bitre frukter frå trær for å ete – og born forlet skular og er saman med kvinnene på leiting etter mat, mens mennene dreg mot dei store byane og nabolanda for å søke arbeid.
- Situasjonen er svært dramatisk. Me lever ikkje lenger – for det er ikkje noko liv slik me har det no, seier en mann me møtte utanfor byen Tera.



Støtt Niger:
Gi til kontonummer 6319.07.62000.

 
 
AddThis
Nyhetsbrev på e-post
Støtt oss
 
 
 
Page rendered: 10.09.2010 10:32:38
OXX.Authorization.User.Username: anonymstromme (NO)